OLJECOWBOYEN ÅM

Vil ha auka olje og gassutvinning

Den kjende olje og gassnestoren Knut Åm er tydeleg på at det bør utvinnast mykje meir olje og gass på norsk sokkel. Han er bekymra over ei utvikling der for få menneske framsnakkar denne viktige næringa for Noreg.

– Eg er oppteken av at vi skal forvalte ressursane våre på ein god måte og eg ser det som reint sløseri å ikkje hente ut dei store olje og gassressursane vi veit ligg der. Eg hatar sløsing og meiner det er feil å ikkje ta ut så mykje som mogeleg, så lenge det løner seg og vi kan gjere det på ein akseptabel måte,
seier han på sitt særprega talemål.

Han har alltid insistert på at når han skriv norsk, så skal det vere på nynorsk.

Han er oppvaksen i Oppdal, Volda og Ørsta og har alltid hatt nynorsk som hovudmål. Språket har nok òg bidrege til at han har skilt seg ut frå mengda i det industrielle miljøet.

Mållagspris og ”Oilman of the Year”

Det var også ein viktig grunn til at han i 1982 fekk Målprisen av Rogaland Mållag. Men han har langt gjævare utmerkingar enn Mållagets, sjølv om han held den høgt personleg. Han vart kalla til æresmedlem i Norges Tekniske Vitenskapsakademi i 2013 og utnemnd til Riddar av St. Olavs Orden i 2014. Tjue år før vart han kåra til ”Oilman of the Year”, i 1994.

Optimumkunden Knut Åm har ein lang og imponerande bakgrunn og røynsle frå olje og gassnæringa:

Phillips-toppsjef for 23 oljeplattformer

Han er utdanna bergingeniør frå NTH i Trondheim med toppkarakter, og innstilling til Kongen, i  1967. Han arbeidde og forska seks år ved Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) i Trondheim, før han i 1974 kom til Oljedirektoratet i Stavanger. Deretter følgde tre år i Statoil, der han var Statoils første forskingssjef, før han i 1982 fekk jobb i Phillips Petroleum Company og vart sendt til hovudkontoret i Bartlesville, Oklahoma for «indoktrinering» før han eit år seinare kom attende til Phillips i Tananger. Han vart i 1985 den første norske toppsjefen på Ekofisk, med ansvar for heile 23 plattformer, og vart seinare den første nordmannen i ei rad leiande stillingar i selskapet. Samstundes underviste han og var professor II i anvendt geofysikk ved Universitetet i Bergen (UiB). Etter å ha vore i Odessa, Texas som sjef for Permian og San Juan Basins (1988-91) kom han attende til Noreg og overtok som den første norske toppsjefen for Phillips i Noreg. Han var også president i Norsk Petroleumsforening og styreleiar for Olje-industriens Landsforening ein periode. I 1996 var han attende i Bartlesville. Denne gongen som visepresident og sjef for all leiting og produksjon i selskapet til han gjekk av med pensjon i USA i 1999. I perioden 1999 til 2007 sat han mellom anna i styret i Statoil.

Svært aktiv pensjonist

No er han pensjonist, men er stadig aktiv i næringa der han særleg har engasjert seg i oppbygginga av fleire interessante teknologiselskap. Han er styreleiar for Envision AS i Stavanger, samstundes som han er styremedlem i Petrostreamz AS i Trondheim, 
Veritrack AS i Bergen og Wintershall AS, Sharp Reflections og IFRA Eior AS i Stavanger. Sistnemnde verksemd og Knut Åm var det ein to siders
artikkel om i Dagens Næringsliv dagen før Optimum Magasinet møtte han i Stavanger.

– Det er kjekt å framleis kunne følgje med i utviklinga i næringa og kanskje også bidra med noko, seier han.

«Såpe» kan redde oljefelt

Artikkelen handla om IFRA Eiors metode for å auke utvinningsgraden av olje frå oljefelta ved hjelp av «såpevatn». Knut Åm meiner at vasking av gamle oljefelt kan gi opp mot 30 prosent meir olje og at metoden vil vere lønsam heilt ned i 25 til 45 dollar fatet. Nå vonar han at nokon vil prøve ut teknologien i ein storskala skipsassistert såpevasstest på eitt av dei store felta i Nordsjøen. Dette var også eitt av fleire tiltak som det vart gjort framlegg om av Utvinningsutvalet for nokre år sidan, betre kjent som Åm-utvalet.

Knut Åm leidde det OED-oppnemnde  Utvinningsutvalet som i september 2010 la fram  ein rapport med heile 44 konkrete tiltak for å auke utvinningsgraden på norsk sokkel.

Tilnærma uavgrensa med olje og gass

– I dag vert det snakka mykje om at vi har ei klimakrise som det hastar å gjere noko med. Det meiner eg er ei avsporing. Klimaet blir det det blir, og det må vi tilpasse oss på beste måte. Det vi har er eit energiproblem. Verda treng store mengder rimeleg energi til ei aukande folkemengd. Det vil vere bruk for all den olje og gass vi kan produsere heilt til det blir funne ei alternativ energikjelde som kan konkurrere på pris og kvalitet. Fram til den tid er det etterspørselen som avgjer kor mykje som blir produsert og til kva pris. Litt forenkla kan vi seie at det er tilnærma uavgrensa tilgang på fossile energikjelder i verda. Nett som steinalderen og bronsealderen ikkje tok slutt på grunn av mangel på stein og bronse, vil slutten på oljealderen ikkje kome på grunn av mangel på olje, men fordi det dukkar opp betre alternativ. Eg er svært oppteken av naturen, men eg meiner òg at vi skal hente ut dei ressursane naturen har gitt oss. Noreg kan ha ei lang og god framtid innan olje- og gassnæringa dersom folk framsnakkar næringa meir. Leiting etter nye førekomstar er viktig, men vi bør òg få til langt betre utvinngsgrad frå både eksisterande og nye felt på norsk sokkel, seier Knut Åm.

Oljeselskapa skuggeredde miljø-aktivistane?

Han meiner det kan sjå ut som oljeselskapa har vorte skuggeredde for det han kallar miljøaktivistar. Fleire selskap har sett seg som mål å ha null skadelege utslepp til luft og vatn utan å ta høgde for at det kan vere grader av skade. Ein hamnar då lett i den fella at null skadelege utslepp blir til null utslepp om dei er skadelege eller ikkje. Det blir ikkje mykje såpevask av slikt!  Han er sjølv oppteken av miljøet, men meiner at kost/nytte-vurderingar må leggast til grunn i større grad for eventuelle utslepp til luft og vatn. 

Vi treffer han i Stavanger sentrum etter at han gått ein halvtimes tid frå heimen sin ved Stokkavatnet utanfor Stavanger. Om sommaren er han på hytta i Nord- Troms der han steller hus og hage og går lange turar i ulendt fjellterreng.  Eit par gonger i året er han gjerne innom feriehuset på Playa Flamenca ved Torrevieja i Spania. Der held han hus og hage i orden, syklar og går dagleg lange turar og spelar golf eit par gonger i veka.

– Eg likar å bruke naturen og å halde meg i form. Det er viktig å ta vare på naturen, men eg har svært liten sans for mange av dei sakene miljøaktivistane ser ut til å vere opptekne av. Til dømes motstanden mot sjødeponi av finknust stein frå gruvedrift, sjølv om det er dette elvane våre har drive med i all tid. Det gler meg derfor at politikarane denne gongen synte mot og ga klarsignal for sjødeponi i samband med utvinning av Rutil-førekomsten (titan, red.merknad) i Engebøfjellet i Førde og koparførekomsten Nussir i Repparfjord i Finmark. Det heile handlar om å hente ut det naturen har gitt oss.

CO2- avgrensing er gigantisk feilsatsing

– Det einøygde fokuset vi i dag har på klima og  CO2 meiner eg er ei gigantisk feilsatsing som tek innsatsen vekk frå andre og viktigare miljøsaker. Karbondioksid er naturleg i atmosfæren og i geologisk historie har vi no eit lågt CO2 - nivå. For skog og plantevokster er til dømes eit høgare CO2– innhald i atmosfæren bra. Det er slett ikkje berre CO2 som påverkar klimaet, og klimapanelet sine modellar er tydelegvis feil. Det er framleis ikkje avgjort om det er naturen sjølv eller menneska som har hovudansvaret for klimaendringane. Eg satsar på naturen! Vi har til dømes hatt fleire istider med mykje høgare CO2 - nivå i atmosfæren enn no. Derfor gjer det vondt langt inn i mi vestlandske gniarsjel at gode skattepengar blir sløste bort på meiningslaus symbolpolitikk som elektrifisering av oljeplattformer frå land. Det høyrer heller ikkje heime nokon stad at vi skal rasere norsk natur med store, sterkt subsidierte vindkraftverk, når vi både har vasskraft som held nasjonen med meir enn nok energi og rikeleg med olje- og gassressursar som gir nasjonen store og gode eksportinntekter, som gjer at vi kan ha eit godt utbygd tenestetilbod og det samfunnet vi ønskjer å ha i Noreg. Eg meiner vi skal satse der vi er gode og sterke. Der har vi best sjanse til å lukkast seier den engasjerte olje- og gassveteranen Knut Åm.

Optimumkunde i ti år

Han har vore kunde hjå Optimum i ti år. Etter ein lang rusletur i Stavanger sentrum, tek han trappene i raske klyv opp til Optimumkontoret i fjerde høgda. Korkje fotograf eller journalist maktar å halde tempoet til Knut Åm. Vel oppe i Optimumkontoret vert han hjarteleg motteken av Kim Eirik Hansen, som har vore Åms rådgivar heile tida.

– Du må kome deg i form att! seier Knut Åm og peikar på magen til Kim, som raskt svarar at neste gong Åm er på vitjing hjå Optimum, skal han ha kome ned i matchvekt.

Dette gler Knut Åm, som sjølv er oppteken av trening og det han kallar trim i kvardagen.

– Eg har vore så heldig å ha ei heimeverande kone, godt betalt arbeid og lågt forbruk slik at vi har kunna legge til sides ein del pengar. Noko av desse pengane er investert gjennom Optimum. Nokre investeringar har det ikkje gått så bra med, andre har gitt god avkastning. Det som tel er sluttsummen. Alt i alt har det gått i pluss. Kundeforholdet har og mykje å gjere med den servicen eg opplever. Og så har Kim vore rådgivaren min heile tida. Det set eg pris på, seier Knut Åm.

Likevel olje og gass optimist

Trass i at Knut Åm meiner for mange snakkar om at Noreg må ha eit grønt skifte, der olje og gass vert fasa ut og at ny berekraftig teknologi som vindkraft må overta, er han ikkje pessimist på olje- og gassnæringa si framtid.

– Eg likar dette Ivar Aasen-sitatet:

”Naar du drikker vatn, so tenk at det er vin; og naar du slagtar kalven,

so tenk at det er svin; det er tanken som gjerer det meste.”

– I livet kan du sjølvsagt konsentrere deg om det negative. Då vert alt berre trasig. Eg trur at du vert eit langt lukkelegare menneske om du heller ser etter det positive i livet. Dette kallar eg for sjølvmotivering. Det treng vi meir av innan energisektoren.

– Nett no er det eit stort press i
næringa for å få ned kostnadane, noko som var heilt nødvendig etter ein periode med svært høge prisar og sterk auke i kostnadane. Eg trur verkeleg på ein ny vår for olje- og gassnæringa i Noreg. Prisane går opp og dei går ned. Dette er no den tredje av desse syklusane eg har vore med på. Eg trur det vil snu og at oljeprisen skal opp, men det store spørsmålet er når. Så står det berre att å sjå om vi greier å halde kostnadane nede denne gongen. I så fall har er tru på at vi vil kunne produsere olje og gass på ein lønsam måte i heile dette århundret, seier den engasjerte olje-
veteranen Knut Åm.